Ekstremvêr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ekstremvêr omfattar vêr som er ekstremt ut frå det vêret ein klimatisk kan forvente. Ekstremvêr vert nesten utelukkande nytta om kraftige uvêr eller vêr som oppstår på andre tider av året enn det som er normalt.[1]
Ekstremvêr kan omfatte:
- store nedbørmengder i løpet av kort tid med fare for flaum
- særs kraftig vind i forhold til det som er normalt, t.d. kan kuling i område som nesten aldri har kraftig vind vere ekstremt. Tropiske syklonar fell òg innanfor denne kategorien.
- kuldebølgjer og hetebølgjer.
- særs stor snørasfare, som regel som følgje av store nedbørmengder og kraftig vind.
- stormflod
Ekstremvêr vert stundom namngjeve, både for å åtvare folk om det komande uvêret og for å lettare skilje dei forskjellige uvêra frå kvarandre i ettertid. Som regel er det dei tropiske syklonane som får namn, men i Europa gjev Meteorologisk Institutt i Noreg og Deutscher Wetterdienst i Tyskland òg namn på alle uvêr som er til fare for liv og verdiar.
Remove ads
Ekstremvêr og klimaendringar
Vêret har dei siste hundre åra ofte fått større følgjer enn tidlegare. Dette kan både kome av at ein har oftare ekstremvêr enn før, men like mykje at folketettleiken har auka kraftig og at folk dermed busett seg på stader utsett for uvêr. Verdas meteorologiorganisasjon[2] og andre[3][4] har påvist ein samanheng mellom ein auke i ekstremvêr og global oppvarming. Mellom anna tyder modellar på at ein får oftare kraftige tropiske syklonar med auka CO2-nivå og høgare temperatur i atmosfæren.[5]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads