El Prat de Llobregat

From Wikipedia, the free encyclopedia

El Prat de Llobregat
Remove ads

El Prat de Llobregat, ofte berre kalla El Prat, er ein by og ein kommune i Catalonia i Spania. Han ligg ved deltaet til Llobregat på høgresida. Meir enn ein fjerdedel av arealet til kommunen er dekt av Barcelona lufthamn. Bortsett frå transportårene til flyplassen, har El Prat jernbanestasjon langs kystlinja frå Barcelona til Valencia. Kommunen har òg ei strand og eit lite naturreservat.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Historie

El Prat vart grunnlagd mellom 1720 og 1740, då byen starta å vekse opp rundt eit vegkryss. Dei første byggverka som dukka opp var ei kyrkje, eit hostell og nokre bustadhus for bøndene i området. Seinare vart det bygd bru over elva, Ferran Puig, og på 1800-talet kom jernbanen til området. Den første fabrikken i byen var ein papirfabrikk. I 1923 vart det bygd tre flyplassar i kommunen, på grunn av det flate terrenget her. Dette var starten på det som enda opp som Barcelona lufthamn etter at dei tre flyplassane vart slått saman i 1948.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads