Ella Marie Hætta Isaksen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ella Marie Hætta Isaksen
Remove ads

Ella Marie Hætta Isaksen (fødd 25. april 1998) er ein norsk, samisk musikar frå Tana.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Karriere

Musikk

I 2016 vann Isaksen Sámi Grand Prix med den sjølvskrivne songen «Luoddaearru», og i 2017 vann ho songtevlinga Liet International med same song.[1] I 2017 var Isaksen med på å starte bandet ISÁK.[2] I oktober 2018 vann ho NRK-programmet Stjernekamp.[3][4]

Politisk engasjement

Ho vart vald til fylkesleiar i miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom i november 2014[5] og sat til januar 2016. Ho hadde andre verv i organisasjonen fram til ho vart tilsett som kampanjesekretær i Natur og Ungdom hausten 2017. Ho vart vald inn i sentralstyret i organisasjonen i januar 2018, og sat i eit halvår, fram til ho valde å fokusere på musikken frå sommaren 2018.

I 2023 vart Isaksen ein frontfigur i aksjonen mot vindmøllene som hadde vorte sett opp på Fosen på ugild grunnlag. Fosen var opphavleg eit reindriftsområde for samane, men etter utbygginga av vindmøllene stadfesta Høgsterett at dei krenka «reindriftssamenes rett til kulturutøvelse».[6] Fosensaka fekk mykje merksemd i massemedia, særleg etter aksjonane mot departementa.[7]

Remove ads

Prisar og utmerkingar

I 2019 tok Ella Marie imot Brobyggerprisen frå Norske kirkeakademier.[8] I 2023 vart Isaksen tildelt Fritt Ords honnør for innsatsen hennar for minoritetsvern og samiske urfolksrettar.[9][10]

Verk

I 2021 gav ho ut si fyrste bok med tittelen Derfor må du vite at jeg er same.[11]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads