Ellen Thomsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ellen Thomsen (fødd 1974) er ein norsk tidlegare handballspelar som vann sølv med Noregs landslag både i EM 1996 og VM 1997.

Kjappe fakta

Thomsen deltok frå oktober 1996 til juli 1998 i 28 kampar for Noreg og skåra 27 landslagsmål. Ho var med i troppa til europameisterskapen i Danmark i 1996 og til verdsmeisterskapen 1997 i Tyskland. I begge desse turneringane spelte ho innleiande kampar, men kom ikkje med i dei 12-manns store finalemannskapa, korkje i 1996 eller 1997. Både i EM 1996 og VM 1997 vart det norske tap mot Danmark.

Thomsen var aktiv på Åssiden IF sitt lag på nivå to i seriesystemet til sommaren 1995. Ho melde då overgang til Stabæk IF i toppserien. Her hadde ho ei sentral rolle fram til ho la opp i 2002, grunna ein langvarig kneskade.

Remove ads

Merittar

  • EM 1996: Sølvmedalje etter 23–25 mot Danmark
  • VM 1997: Sølvmedalje etter 20–33 mot Danmark

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads