Ellinikós Telikós 2012

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ellinikós Telikós 2012 var ein gresk musikktevling som fann stad 12. mars 2012 på kjøpesenteret River West i Aten i Hellas, der vinnaren fekk representere Hellas i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan. Ellinikí Radiofonía Tileórasi kunngjorde 30. januar 2012 at dei ville kutte i kostnadene på grunn av den økonomiske krisa i Hellas.[1] Kringkastaren ville ikkje bruke penger på innspeling og produsjon av songbidraga, og Universal Music Greece var det einaste plateselskapet som aksepterte desse vilkåra.[2]

28. februar 2012 vart Cassiopeia, Dora, Elefthería Eleftheríou og Velvet Fire presentert som dei fire artistane via Ellinikí Radiofonía Tileórasi sin offisielle Eurovision-nettstad, Facebook og Twitter.[3] Vinnarbidraget vart «AphrodisiacAphrodisiac» av Elefthería Eleftheríou, som vart valt med ein kombinasjon av juryrøyster og sjåarrøyster.[4] Etter tevlinga promoterte Eleftheríou bidraget gjennom ein kampanje på Internett.[2]

Remove ads

Finalen

Meir informasjon #, Artist ...

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads