Ellisif Wessel

norsk politikar og forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ellisif Rannveig Wessel (fødd Müller, 14. juli 186628. november 1949) var ein av pionerane i den norske arbeidarrørsla, skjønnlitterær og faglitterær forfattar, redaktør og amatørfotograf. Ho var fødd i Austre Gausdal og døydde i Kirkenes.

Kjappe fakta
Remove ads

Ellisif var gift med syskenbarnet sitt, Andreas Wessel, og frå 1886 busett saman med han i Kirkenes, der han var distriktslege. Ho gjorde eit viktig arbeid for den faglege og politiske arbeidarrørsla i Finnmark, mellom anna ved å skipe fagforeininga Nordens Klippe i Kirkenes i 1906.

Forfattarverksemda hennar femnar om både skjønnlitteratur og faglitteratur. Ho var lyrikar og utgav fleire diktsamlingar og skreiv dikt i arbeidaraviser, ho stod for politisk oppseding av born i form av barneboka Den lille socialist frå 1914, ho gav ut eit tidsskrift og ho skreiv fleire artiklar i arbeidaraviser. Hennar virke som amatørfotograf gav som resultat ei verdifull kulturhistorisk fotosamling frå Sør-Varanger.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads