Eilon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eilon (אֵילוֹן) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg 1,5 km sør for den libanesiske grensa og 10 km aust for kysten av Middelhavet, på ein rygg mellom dei to elvane Nahal Betzet og Nahal Kziv, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på kring 943.[1]
Remove ads
Etymologi
Namnet Eilon kjem frå Elah (terebint) og Alon (eik), to treartar som det veks mykje av i denne delen av Israel.[2]
Historie

Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til Khirbet Samak, kjøpt i 1938 av Jewish National Fund.[3] Han vart grunnlagd det året av ei gruppe polske immigrantar og palestinske jødar.[2] Innbyggjarane vart stadig angripen etter arabaropprøret i Palestina 1936-1939.[2] Eilon var ein av dei første tårn- og palisade-busetjingane. Det vart roleg i Galilea etter dei libanesiske soldatane Kaukji-bandane vart drivne bort i november 1948.[2]
I 1947 hadde kibbutzen 350 innbyggjarar. Kibbutzen høyrte i starten til Hashomer Hatzair.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads