Else Ragni Yttredal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Else Ragni Yttredal (fødd 8. august 1968) er ein norsk forskar, journalist, næringsdrivar og tidlegare skeiseløpar frå Asker, busett i Norddal. Ho vart noregsmeister 1989 i sprint-firkamp og 1991, 1992, 1993 i full firkamp. Yttredal var medlem i Asker Skøyteklubb.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Skeisesport

Yttredal sigra ved sprint-NM 1989 på skeiser. Åra 1991, 1992 og 1993 vart norsk meister i firkamp. I NM enkeltdistanser vann ho gullmedaljen på 1500 meter i 1989, 1991, 1992 og 1994, og på 3 000 meter i 1993 og 1994 og på 1000 meter i 1994. På 500 meter vart kvart år i tida 1987-93 nummer 2 etter Edel Therese Høiseth. I alt sanka Yttredal 11 gullmedaljar, 17 sølvmedaljar og 6 bronsemedaljar i norske skeisemeisterskap.

Internasjonalt var femteplassen ved europameisterskapen 1993 Yttredals største prestasjon. I verdsmeisterskap nådde ho som best tiandeplassen i Hamar i 1991. Ho deltok i Vinter-OL 1992 i Albertville og vart nummer 12 på 1500 meter.

Yrke

Yttredal er utdanna i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho var frå 2004 tilsett ved Møreforsking. I dei seinare år har ho leia Norddals næringshage. Ho er gift og busett i Norddal.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads