Emilio de' Cavalieri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Emilio de' Cavalieri
Remove ads

Emilio de' Cavalieri (ca. 1550–1602) var ein italiensk komponist, organist, diplomat, koreograf og dansar frå overgangen mellom seinrenessansen og tidlegbarokken.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Liv og virke

Cavalieri var fødd inn i ein aristokratisk og musikalsk familie frå Roma. Det var truleg her han fekk den fyrste musikalske undervisinga si. Frå 1578 til 1584 verka han som organist og musikkdirektør i Roma. I 1588 flytta han til Firenze, der Ferdinando de' Medici tilsette han som inspektør over kunstnarane sine, musikarar og handverkarar. Cavalieri bidrog til utviklinga av intermedio, og samarbeidde i samband med dette med Giovanni de' Bardi. Cavalieri blei truleg påverka av ideane til Bardi, som er blitt kjende som den florentinske musikkreforma. I 1590-åra komponerte Cavalieri, som framleis budde i Firenze, nokre pastoralar (i denne samanhengen ein forløpar til operaen). I tillegg til dei musikalske embeta sine fungerte han òg som diplomat.

Saman med andre komponistar frå Roma, Venezia og Firenze, markerte Cavalieri byrjinga på tidlegbarokken med verk i den nye monodiske stilen, dvs. ei enkelt songstemme med sparsamt generalbassakkompagnement. Verket hans Rappresentazione di Anima, et di Corpo, som blei uroppført 1600, er rekna som det fyrste oratoriet.

Remove ads

Verk

  • Rappresentazione di Anima, e di Corpo, oratorium, uroppført 1600

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads