Engels

From Wikipedia, the free encyclopedia

Engels
Remove ads

Engels (russisk Э́нгельс) er ein by i Saratov oblast i Russland. Byen er ein hamneby ved elva Volga, og ligg vis-a-vis Saratov som har hatt brusamband med kvarandre sidan 1965. Byen har om lag 220 000 innbyggjarar.

For den tyske filosofen, sjå Friedrich Engels.
Kjappe fakta Land, Føderasjonssubjekt ...

Byen vart grunnlagt i 1747 som Pokrovskaja sloboda (russisk: Покровская слобода). Han fekk bystatus og nytt namn, Pokrovsk (russisk: Покровск), i 1914. Det tyske namnet var Kosakenstadt. Han vart i 1924 hovudstad i den Volga-tyske autonome sosialistiske sovjetrepublikken, som no er ein del av Saratov oblast. Det noverande namnet Engels fekk han i 1931, kalla opp etter Friedrich Engels.

Thumb
Brua frå Saratov til Engels

Byen vart grunnlagt av ukrainske nybyggjarar, og vart busett av tyskarar under regjeringstida til Katarina den store.

Byen er tilhaldsstad for Engels-1, den største og mest aktive strategiske bombeflybasen i Russland.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads