Enns
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Enns er ei elv i Austerrike og ei av dei sørlege sideelvene til Donau med ei lengd på 254 km.
Remove ads
Geografi
Enns har sitt utspring i fjella Radstädter Tauern i delstaten Salzburg. I ein dal som vart danna under den siste istida, renn ho austover på grensa mellom Dei nordlege kalksteinsalpane og Dei sentralaustlege Alpane gjennom Steiermark der ho passerer Dachsteingruppa i sør. Mellom Admont og Hieflau snur elva nordover og passerer gjennom Gesäuse, eit gjel med ei lengd på 15 km i Ennstaleralpane. Ho renn så inn i Øvre Austerrike ved munningen av Laußabach. Nord for Steyr dannar ho grensa mellom Øvre Austerrike og Nedre Austerrike. Til slutt renn ho ut i Donau ved Mauthausen og landsbyen Enns.
Enns får vatn frå eit område på om lag 6 000 km², som er det femte største nedslagsfeltet i Austerrike. Middelvassføringa ved munningen er 201 m³ per sekund.
Remove ads
Soge
På midten av 1800-talet vart det bygd kanalar langs det 70 km lange strekket mellom Weißenbach og Gesäuse for å bruke vatnet til jord- og skogbruk.
Totalt er det ti kraftverk knytte til elva, og dei genererer totalt 345 megawatt straum.
Byar og landsbyar langs elva
i Salzburg
i Steiermark
- Schladming
- Gröbming
- Liezen
- Selzthal
- Admont
i Øvre Austerrike
Sideelver
Dei viktigaste sideelvene er Palten, Salza og Steyr.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Enns River» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads