Kurfyrstedømet Mainz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erkebispedøme Mainz (tysk Erzbistum Mainz) eller Kurfyrstedømet Mainz (tysk Kurfürstentum Mainz eller Kurmainz) var eit viktig kyrkjeleg og sidan verdsleg kurfyrstedøme i Det tysk-romerske riket mellom 780–782 og 1802. I hierarkiet til den romersk-katolske kyrkja var erkebiskopen av Mainz primas Germaniae, representanten til paven nord for Alpane. Utanom Roma er Stolen i Mainz den einaste andre stolen som vert omtalt som «Den heilage stolen», sjølv om dette namnet er sjeldan nytta om Mainz.
Erkebispedømet var eit viktig kyrkjeleg fyrstedøme i Det tysk-romerske riket. Det bestod av fleire ikkje-samanhengande landområde med område nær Mainz på begge sider av Rhinen, område langs elva Main oppfor Frankfurt (med distriktet Aschaffenburg); Eichsfeld-regionen i Niedersachsen og Thüringen; og områda kring Erfurt i Thüringen. Erkebiskopen var òg tradisjonelt kurfyrste og erkekanslar i Tyskland, og leiar av valkollegiet frå 1251 til 1803.
Remove ads
Historie
Bispestolen vart oppretta i romartida, i byen Mainz, som hadde vore ein romersk provinshovudstad kalla Moguntiacum. Bispedømet vart først viktig då det fekk status som erkebispedøme i 780-782. Dei første biskopane før 300-talet har legendariske namn, og starta med Crescens. Den første stadfesta biskopen av Mainz var Martinus i 343. Mainz vart først viktig då St. Boniface vart biskop i 747. Boniface var tidlegare ein erkebiskop, men denne tittelen gjekk ikkje til bispestolen før etterkomarane hans, Lullus.[1]
I 1802 mista Mainz status som erkebispedøme. I sekulariseringa som følgde Reichsdeputationshauptschluss i 1803, vart setet til kurfyrsten Karl Theodor von Dalberg flytta til Regensburg, og kurfyrstedømet mista områda sine i vest til Frankrike, medan dei austlege områda langs Main nedanfor Frankfurt gjekk til Hessen-Darmstadt og Nassau, og Eichsfeld og Erfurt gjekk til Kongedømet Preussen. Dalberg fekk halde Aschaffenburg-området som Fyrstedømet Aschaffenburg. I 1810 slo Dalberg Aschaffenburg, Frankfurt, Wetzlar, Hanau og Fulda saman og danna det nye Storhertugdømet Frankfurt. Dalberg gjekk av i 1813 og i 1815 delte Wienerkongressen områda hans mellom Kongedømet Bayern, Kurfyrstedømet Hessen-Kassel, Storhertugdømet Hessen og fristaden Frankfurt.
Det moderne bispedømet Mainz vart grunnlagd i 1802, innanfor områda til Frankrike og i 1814 vart området utvida inn i Hessen-Darmstadt.
Remove ads
Biskopar og erkebiskopar
Biskopar av Moguntiacum, 80–745
|
Erkebiskopar av Mainz, 745–1251
|
Kurfyrstar av Mainz, 1251–1803
|
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads