Erlangen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Erlangen
Remove ads

Erlangen er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 120 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Regnitz i regionen Mittelfranken, like i nærleiken av Fürth og Nürnberg, som saman med med nokre mindre byar, dannar byområdet Mittelfranken, som er ein av 23 slike «store senter» i Bayern, og eit av 11 tyske storbyområde.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Friedrich-Alexander-Universität er viktig for byen, som òg har fleire filialar av Siemens AG. Ei hending som framleis påverkar byen er busetnadane til hugenottane som flytta til byen etter ediktet i Nantes i 1685.

Thumb
Erlangen i 1916.
Remove ads

Historie

Erlangen vart først nemnd offisielt i 1002 med namnet «Villa Erlangon». I 1361 vart landsbyen seld til keisar Karl IV. Tre år seinare vart det bygd ein by nær landsbyen, som i 1374 fekk rettar til å prege sine eigne myntar. I 1398 fekk Erlangen byrettar og i 1402 hamna byen under Hohenzollern som ein del av fyrstedømet Brandenburg-Kulmbach (frå 1603 kalla Bayreuth) fram til 1806. Erlangen var hovudstad i det såkalla Unterland i fyrstedømet. Etter fire år med fransk okkupasjon vart han til slutt ein del av Kongedømet Bayern i lag med resten av fyrstedømet.

I 1686 kom dei første franske hugenottane til Erlangen. Greven av Beyreuth, Christian Ernst, bygde ein «ny by» (Neustadt) for dei. I 1706 vart gamlebyen nesten heilt øydelagd av ein brann, men raskt gjenoppbygd. I 1812 vart den gamle og nye byen slått saman.

I 1742 grunnla grev Friedrich av Bayreuth universitetet i residensbyen Bayreuth, men på grunn av opprørske studentar vart universitetet flytta til Erlangen. Seinare fekk det namnet Friedrich-Alexander-Universität og vart eit prøyssisk universitet. Kjende studentar på denne tida var Johann Ludwig Tieck og Wilhelm Heinrich Wackenroder.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads