Erling Bauck
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erling Bauck (8. april 1924–februar 2004) var ein norsk offiserson, fødd i Mosjøen. Då motstandsorganisasjonen faren arbeidde i vart rulla opp i 1942, flykta faren til Sverige. Erling vart arrestert, og måtte gjennom harde avhøyr og sett i einecelle i Møllergata 19 i Oslo. Seinare vart han overført til Grini før han vart send til Tyskland: Først Sachsenhausen, sidan Birkenau, Auschwitz og Mauthausen. I 1945 vart han berga heim av Dei kvite bussane .
I 1946 skreiv han boka «Men noen kom fra det» for å dokumentere erfaringane frå nazi-leirane. Boka «Du skal leve» kom ut i 1979. Etter krigen har Erling Bauck vore aktiv som tidsvitne for å fortelje om opplevingane i tysk fangenskap.
Remove ads
Kjelder
- Minneside Arkivert 2008-08-20 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads