Esel

underart av pattedyr From Wikipedia, the free encyclopedia

Esel
Remove ads

Esel eller asen (Equus asinus) er ein art i hestefamilien. Det finst både tamme og ville esel, som til dømes det afrikanske (nubiske) villeselet (Equus asinus africanus) og det somaliske villeselet (Eequus africanus somaliensis). Asiatiske halvesel (Equus hemionus), òg kalla «onager», og kiang (Equus kiang) er to nærskylde villeselfamiliar.

Kjappe fakta
Remove ads

Esel er mindre enn hestar og har kort, stri man og lange øyre. Hovane til eselet er små og skarpe og det tek seg godt fram i ulendt terreng. Esel har heilt sidan oldtida vore nytta som arbeidsdyr. Dei var domestisert allereie rundt 3000 f.Kr. I dag er dei utbreidde bruksdyr i Middelhavslanda og delar av Asia og Amerika.

Esel blir ofte kryssa med hest for å få mulesel (avkommet til hingst og eselhoppe) eller muldyr (avkommet til eselhingst og hoppe).

Remove ads

Galleri

Kjelder

  • esler (27.02.2013) i Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Esel


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads