Europarørsla
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Europarørsla er ei europeisk rørsle som arbeider for å fremja demokrati, fridom, fred, kulturforståing og sosial utjamning gjennom tettare europeisk integrering. Rørsla har hovudkontor i Brüssel.
Remove ads
Historie

Commiteen for den Europeiske Einingsrørsla, som hadde som føremål å samordna politisk og økonomisk integrering i Europa i etterkrigstida vart stifta på Haagkonferansen, der rundt 800 europeiske delagatar, pluss observatørar frå Canada og USA var samla 7.–11. mai 1948. Rørsla femna vidt og samla støtte frå heile det politiske spekteret. Statsleiarar som Konrad Adenauer, Winston Churchill, Harold Macmillan, François Mitterrand, Paul-Henry Spaak, Albert Coppé og Altiero Spinelli deltok på konferansen. Haagkonferansen kan sjåast på som starten på den den europeiske unionen.
25. oktober 1948 skifta rørsla namn til Europarørsla (Mouvement européen). Duncan Sandys vart vald til president og Léon Blum, Winston Churchill, Alcide De Gasperi og Paul-Henri Spaak vart «ærespresidentar». I dag er Pat Cox president. Han var tidlegare president for Europaparlamentet og tok over etter José María Gil-Robles i 2006
Eit viktig resultat av arbeidet til Europarørsla var stiftinga av Europarådet i mai 1949. Europa-colleget vart òg stifta i 1949. På 50-talet arbeidde rørsla med å skipa nettverk og stifta diskusjonsgrupper både i aust- og vest-Europa. Rørsla var òg ein av pådrivarane for opprettinga av Europaparlamentet og for Maastricht-traktaten.
Remove ads
Den norske greina
Den norske greina vart stifta 30. mai 1949. Rørsla arbeider for at Noreg skal verta medlem av EU og stortingsrepresentant Svein Roald Hansen (Ap) er leiar for den norske greina av Europarørsla og Grete Berget er generalsekretær. Rørsla samarbeider tett med Europeisk Ungdom.
Tillitsvalde
Presidentar i Europarørsla
Sjå òg
- Ja til EF
- Europeisk Ungdom
- Nei til EU
- Ungdom mot EU
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads