Fårö
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fårö er ei særprega øy nordaust for Gotland, skild frå Gotland av Fårösund. Arealet til Fårö er 113 km². Øya er ei moreneøy med mange små innsjøar. I dei austlege delane av øya finn ein det særeigne flygesandområdet Ulla Hau.
I sommarmånadene er øya godt besøkt av turistar, inkludert ein og annan profilert politikar; den faste folkesetnaden er mindre, men inkluderte tidlegare Ingmar Bergman. På Fårö finn ein også Kutens bensin. Det austlegaste punktet er Fårö fyrplats med det 30 meter høge fyret Holmudden.
Heilt inn på 1990-talet var det forbode for utlendingar å reise til nordre Gotland og Fårö. Store skilt ved vegkanten på fleire språk informerte besøkjande om dette, og dette vart handheva strengt. Etter at Sverige vart medlem av EU, kunne den svenske regjeringa ikkje lenger halde fram denne praksisen.
Remove ads
Galleri
- Rauken i naturreservatet Gamlehamn.
- Rauken i naturreservatet Langhammars.
- Avaeken, eit av dei største og eldste eiketrea på Gotland.
- Fårö fyr frå 1847.
Sjå òg
- Fårö kyrka
Bakgrunnsstoff
- Alt om Fårö. Folkesetnad, restaurantar og informasjon om Fårö, samt oversiktskart
- Fårö Web-Fårös egen hjemmeside. Folkesetnad, reiser, hendingar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads