Fagerstrand

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fagerstrand
Remove ads

Fagerstrand er ein tettstad heilt sør i Nesodden kommune i Akershus, på vestsida av Nesoddlandet, ned mot Oslofjorden. Staden har 3 017 innbyggjarar per 1. januar 2024. Det er vel 16 kilometers køyring nordover frå Fagerstrand til Nesoddtangen.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Thumb
Tankanlegget på Fagerstrand fotografert i 2013

På Fagerstrand ligg Bakkeløkka ungdomsskole og barneskulen Myklerud skole.

Norsk Brændselolje, som var skipa som aksjeselskap i Oslo i mai 1920, hadde frå 1922 hovudtankanlegget sitt på Fagerstrand. Frå dette tankanlegget vart det selt bensin, fyringsolje (brenselolje), dieselolje og solarolje. Etter andre verdenskrigen vart Norsk Brændselolje A/S distributør av produkta til British Petroleum (BP) i Noreg, som i samband med dette overtok femti prosent av aksjane i Norsk Brændselolje A/S. Heile selskapet vart i 1976 overteke av Statoil, som omorganiserte det. Oljelageret på Fagerstrand og den tilhøyrande smøreoljefabrikken er framleis i drift.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads