Fair Isle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fair Isle
Remove ads

Fair Isle (av norrønt Frjóey) er ei øy som ligg om lag halvvegs mellom Shetland og Orknøyane. Ho er 4,8 km lang og 2,4 km brei og har eit areal på 5,61 km². Øya ligg om lag 40 km sørvest om Sumburgh HeadShetland Mainland. Sjølv om Fair Isle ligg litt nærare North Ronaldsay på Orknøyane, høyrer ho administrativt inn under Shetland.

Thumb
Sola går ned over South Lighthouse

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Dei fleste av dei om lag 70 innbyggjarane bur på småbruk (såkalla crofts) på den søre delen av øya, medan den nordre delen av øya er dekt av steinete lyngheier. Den vestre kysten er bratt med klipper som kan vere opp til 200 meter høge. Folketalet har gått jamt nedover frå om lag 400 rundt 1900. Ungane på Fair Isle får gå barneskulen heime på øya, men når dei skal ta til i ungdomsskulen må dei reise til Lerwick og gå på internatskule der. Fair Isle vantar restaurant og pub, men øya har ein landhandel, og det er ein bar i fugleobservatoriet ved North Haven.

Fair Isle har vore busett sidan bronsealderen og grunnlaget for busetnaden har vore det rike fisket i farvatna rundt. Mykje fugl er innom øya i flyttsesongane og ho huser eit permanent fugleobservatorium der ornitologar studerer fuglelivet. Mange sjeldne fugleartar har vorte funne på øya, og Fair Isle er truleg den beste plassen i Vest-Europa om ein vil sjå sky fuglar som tundrapiplerke, stripesongar og starrsongar.

Øya vart kjøpt av National Trust for Scotland i 1954. Seljaren var George Waterson, grunnleggjaren av fugleobservatoriet.

Thumb
Croft hus.

Fair Isle er kjend for strikkegenserane som vert laga på øya. Denne produksjonen er ei viktig inntektskjelde for kvinnene på øya.

Sidan 1982 har to tredelar av energien dei brukar på øya kome frå vindturbinar, medan resten kjem frå eit dieselaggregat.

På Ward Hill vart det under andre verdskrigen hastig sett opp ein radarstasjon av RAF. Ruinane kan enno sjåast. Ved staden ligg også restane etter eit styrta Heinkel He 111-fly.

20. august 1588 forliste flaggskipet til den spanske armadaen, «El Gran Grifón» i vika Stroms Heelor, noko som tvinga dei 300 sjømennene frå skuta til å bu hjå innbyggjarane på øya i seks veker. Skipsvraket vart funne att i 1970.

Remove ads

Transport

Thumb
Fly på rullebanen på Fair Isle.
Foto: Dave Wheeler
  • Frå Fair Isle Airport går det fly til Lerwick (Tingwall Airport). Det er òg ei sommarrute til Sumburgh sør på Shetland Mainland.
  • Postbåten «Good Shepherd IV» går mellom Fair Isle og Grutness på Shetland Mainland.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads