Falabella
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Falabella er ein miniatyrhest som er avla fram av familien Falabella i Argentina.

Raseskildring
Falabellaen er ein av dei minste hesterasane som finst. Ein vaksen falabella kan vere så liten som 70 cm i mankehøgd. Dei er for små til å bli brukt til riding, og er i all hovudsak selskapsdyr.
Historie
I laupet av dei siste 150 åra har falabellaen blitt avla fram frå mellom anna criollo, shetlandsponni, welsh mountain og særskilt små individ av engelsk fullblodshest.
Førekomst
Falabellaen stammar frå Argentina, men har spreidd seg til store delar av verda. Falabellaen er særs sjeldan, og det finst på verdsbasis berre nokre få tusen individ. I Noreg finst det nokre få individ.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2021) |
Bakgrunnsstoff
- www.falabellabreed.com Arkivert 2008-09-30 ved Wayback Machine.
- Norsk hesteside om falabellaen[daud lenkje]
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads