Falklandsøyane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Falklandsøyane
Remove ads

Falklandsøyane (engelsk Falkland Islands, spansk Islas Malvinas) er ei øygruppe som er styrt som eit britisk oversjøisk område. Hovudstaden er Stanley med 1750 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Ein guvernør styrer øyane på vegner av styresmaktene i Storbritannia. I tillegg til Falklandsøyane styrer guvernøren òg over øygruppa Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer òg krav på området, og innlemar dei i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.

Remove ads

Geografi

Falklandsøyane ligg i sør i Atlanterhavet, 483 km utanfor austkysten av Argentina. Dei to hovudøyane er Vest-Falkland og Aust-Falkland. Hovudstaden, Stanley eller Port Stanley, ligg på Aust-Falkland. I tillegg kjem nær 200 mindre øyar. Øyane har ei samla flatevidd på 12 173 km² og hadde om lag 3 800 innbyggjarar i 2022.[1]

Det høgaste fjellet i øygruppa er Mount Adam (698 moh.) på Vest-Falkland.

Thumb
Christchurch Cathedral i Stanley.
Remove ads

Historie

Den 2. april 1982 invaderte Argentina øyane, noko som utløyste Falklandskrigen. Storbritannia sende ein flåtestyrke og gjenerobra øyane etter harde kampar.[2]

Etter at Storbritannia har teke til å interessera seg for å leita etter olje i farvatna rundt øyane, har Falklandsøyane igjen ført til protestar frå Argentina.[3]

Verdt å sjå

  • Stanley
  • Louis-hamna
  • Volunteer Beach
  • West Falkland

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads