Fallen i kamp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fallen i kamp (killed in action - KIA) er eit uttrykk vanlegvis nytta i militæret for eigne soldatar som er drepne av fienden.[1] Folk som er falne i kamp har ikkje døydd av ulukker som bilulukker eller andre «ikkje-fiendtlege» hendingar eller terrorisme.[2][3]

I tillegg kan ein person verte omtalt som fallen i kamp om han har døydd på slagmarka, medan døydd av skade viser til ein person som har levd lenge nok til å ha fått medisinsk behandling.
Remove ads
NATO-definisjon
NATO nyttar KIA (killed in action) for personar falne i kamp, og DWRIA (died of wounds received in action) for personar som har døydd av skade. For sistnemnte vert òg forkortinga DOW ofte nytta av historikarar og militære.
Sjå òg
- MIA – Sakna i kamp
- WIA – Skadd i kamp
- POW – Krigsfange
- Den ukjente soldats grav
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads