Remove ads

Fangeleirane i Lønsdalen og i Dypen i Saltdal kommune i Nordland var nokre av fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen.

Nordlandsbanen blei provisorisk bygd over Saltfjellet til Lønsdal under den tyske okkupasjonen i 1940–1945, og tre fangeleirar blei oppretta på strekninga i denne perioden[1][2]

Lønsdal-fangeleiren

Fangeleiren på Lønsdal (i Lønsdalen) hadde utanlandske fangar, anten sovjetiske og/eller jugoslaviske fangar.[3]

Eit minnesmerke, bygd av frigjevne fangar frå leiren for å minnast døde medfangar, ligg i Lønsdal. «Inskripsjonsplaten er borte,» skriv nettstaden Polarbanen ved sidan av eit bilete av støtta.[4]

Like etter krigen vart eit hotell bygd på tomta til fangeleiren i Lønsdal.[2]

Fangeleiren ved Lønsdalsbrua

Fangeleiren ved Lønsdalsbrua hadde 268 utanlandske fangar i mai 1945.[5]

Dypen-fangeleiren

Det finst ein teori om at fangeleiren i Dypen vart erstatta av fangeleiren Lønsdal.

«Dypen-fangeleiren» låg mellom «Lønsdal-fangeleiren» og dagens Europaveg 6 (eller E6).

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads