Fantasi og fuge i c-moll, BWV 562
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fantasi og fuge i c-moll, BWV 562 er eit relativt kort stykke skriven for orgel av Johann Sebastian Bach. Stykket vart komponert medan han var i Weimar og så seinare utvida med ein fuge, truleg av Bach sjølv, seinare i livet hans.[1] Stykket har ein interssane, tung appoggiatura-aktig harmoni.[2]
Remove ads
Komposisjon
Bach vart hyrt av hertugen i Weimar, Wilhelm Erst, i 1709 som organist og medlem i hofforkesteret. Han vart særleg oppfordra til å utnytte det unike talentet sitt på orgel.[3] I perioden i Weimar voks ryktet hans som organist og mange studentar vitja han for å lære teknikkane hans.[4] Komponisten skreiv òg mange av dei største orgelverka sine i denne perioden, som Toccata og fuge i d-moll, BWV 565 og Preludium og fuge i E-dur, BWV 566.[5] Fantasi og fuge i C-moll vart påbyrja i denne perioden, som ein enkel fantasi. Fugen vart lagt til i 1745, mest truleg av Bach, men kanskje òg av ein av studentane eller sønene hans. Stykket er eit av verka til Bach der det har gått veldig lang tid mellom når dei forskjellige satsane er skrivne.[1]
Remove ads
Analyse
Heile stykket varer mindre enn seks minuttar,[2] og består av ein 81 taktar lang fantasi og ein uferdig fuge på berre 27 taktar. Fantasien har ein imponerande struktur og lyd, ei kjensle som vert skapt av det ein takt lang framkallande temaet i stykket, som stundom glir over i nye idear. Sjølv pedalbassen vert nytta til å spele dette temaet. Temaet inneheld mange appgiaturaer som gjev stykket ei lett virtuos kjensle. Fugen er skriven i 6/4-takt og nyttar ein enkel åttandedels rytme. Stykket endar brått i midten av den 27. takten. [1]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads