Faraday-bur

From Wikipedia, the free encyclopedia

Faraday-bur
Remove ads

Faradaybur er eit rom eller avlukke med veggar av metallplater eller finmaska metallnett som kan brukast til å skjerma mot elektriske forstyrringar. Ladningar som blir førete til buret eller plassert i nærleiken av det, vil ikkje gje elektriske krefter inne i buret. Effekten blei påvist av Michael Faraday i 1836. Faraday bygde eit slikt bur i 1836 og prova den vernande funksjonen.

Thumb
Eit eksternt elektrisk felt fører til endra ladning i buret, noko som vernar volumet innanfor buret mot den ytre spenninga.
Thumb
Faradaybur

Øskjer av metall er faradaybur. Sidan overflata er elektrisk leiande kan det ikkje oppstå elektriske potensialskilnader mellom stader på overflata. Av den grunn kan det inni volumet ikkje eksistere elektriske felt med opphav utanfrå.

Film av faradybur.

Eit gitternett av metall kan òg kallast ei leiande overflate dersom maskene er små i forhold til bølgjelengda.

Eit faradaybur kan vere frittsvevande eller kopla til noko, i så fall helst til jord. Dersom buret er frittsvevande kan buret (og innhaldet) oppta kva som helst ladning i forhold til omgjevnadene, men det indre volumet blir ikkje påverka.

Ein personbil er eit ufullstendig faradaybur, men i eit torevêr er bilen likevel eit godt vern.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads