Fasan
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fasan (Phasianus colchicus) er ein fugl i fasanfamilien, Phasianidae. Dette er ein asiatisk art som er innført til andre verdsdelar som jaktfugl.
Remove ads
Hannfasanar har mange fargetypar, og varierer i farge frå nesten kvit til nesten svart i somme melaninske eksempel. Variasjonane skyldast oppdrett og kryssing av underartar og kryssing med grønfasan, forsterka av stadige tilførslar frå ville bestandar.

Fasanar kan ha kroppsvekt frå 0,5 til 3 kg, med hannar i snitt 1,2 kg og hoer i snitt 0,9 kg.
Vaksne hannar av underarten Phasianus colchicus colchicus er 60-89 cm i lengd inkludert ein lang brunspragla hale. Fjørdrakta på kroppen er gyllen brun med markeringar i grønt, lilla og kvitt. Hovudet er flaskegrønt med en liten topp og karakteristiske raude hudlappen. P.c. colchicus og nokre andre underartar manglar den kvite halsringen som er typisk for dei fleste fasanar.
Hofuglen er langt mindre prangande, med en avdempa brunspragla fjørdrakt over og måler 50-63 cm inkludert ein hale på rundt 20 cm. Ungfuglar liknar hofuglar, men har kortare hale. Hos unge hannar veks det ut karakteristiske lyse fjør på brystet, hovudet og bakkroppen om lag 10 veker etter klekking.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads