Fatima Whitbread
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fatima Whitbread (fødd 3. mars 1961) er ein britisk tidlegare spydkastar frå London som vart europameister 1986 og verdsmeister 1987. Ho vann elles to OL-medaljar og ein VM-medalje i tida 1983-88.
Remove ads
Aktiv
Whitbread fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1983-sesongen, då ho tok sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i finske Helsinki, vel halvannan meter bak heimefavoritten Tiina Lillak. Året etter fekk Whitbread bronsen under sommarleikane i Los Angeles.
Åra 1986-87 kasta Whitbread på eit nivå ingen annan hadde gjort før henne. I kvalifiseringa under EM i friidrett 1986 gjorde ho sitt livs lengst kast på heile 77,44 meter, to meter over verdsrekorden. I finalen fylgde ho opp med 76,32 meter og ein soleklar siger. Året etter vann ho gullmedaljen under verdmeisterskapen i Roma, vinnarkastet på 76,64 m var nær fem meter lengre enn det sølvvinnaren Petra Felke oppnådde. Under den olympiske leikane i 1988 var rollene omsnudd, Felke kasta då lengre enn tidlegare medan Whitbread ikkje heldt det høge nivået frå 1986-87-sesongane. Whitbread tok likevel OL-sølvet med stor margin.
Skadar førte til at ho la opp i 1990.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 1980 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (nr 18 – 49,74 m)
- EM 1982 i Aten: Nr 8 – 65,10 m
- VM 1983 i Helsinki: Sølvmedalje – 69,14 m, bakom Tiina Lillak (70,82 m)
- OL 1984 i Los Angeles: Bronsemedalje – 67,14 m
- EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje – 76,32 m, framom Petra Felke (72,52 m)
- VM 1987 i Roma: Gullmedalje – 76,64 m, framom Petra Felke (71,76 m)
- OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje – 70,32 m, bakom Petra Felke (74,68 m)
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads