Ferdinand von Lindemann
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Carl Louis Ferdinand von Lindemann (12. april 1852–6. mars 1939) var ein tysk matematikar, kjend for beviset sitt frå 1882 at π (pi) er eit transcendent tal, altså at det ikkje er ei rot av noko polynom med rasjonale koeffisientar. Dette gav det endelege svaret på det 2000 år gamle problemet om kvadraturet til sirkelen, nemleg at det ikkje er mogeleg (med passar og linjal) å konstruere eit kvadrat som har like stort flateinnhald som ein viss sirkelflate.
Remove ads
Han var professor i Königsberg frå 1883 og 1893–1923 i München. Saman med R. F. A. Clebsch gav han ut Vorlesungen über Geometrie i tre bind.
Remove ads
Kjelder
«Carl Louis Ferdinand Lindemann» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads