Fernando Torres
spansk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fernando José Torres Sanz (fødd 20. mars 1984 i Fuenlabrada i Madrid-regionen) er ein spansk fotballspelar, som har spela i angrep for Chelsea i engelsk Premier League, og det spanske landslaget. Han spelte for Liverpool frå 2007 til 2010 og var toppskåraren deira i Premier League i 2007/08- og 2009/10-sesongen. Med Chelsea har han vore med på vinna FA-cupen (2012), Europaligaen (2013) og den europeiske Meisterligaen (2012). Han debuterte for landslaget 6. september 2003 i ein vennskapskamp mot Portugal. Han tok del i Spania sine troppar til EM og VM i 2004, 2006, 2008, 2010, 2012 og 2014. I 2008 vart han matchvinnar i EM-finalen då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han i alle Spania sine sju kampar då dei vart verdsmeistrar. I fotball-EM i 2012 spelte han i fem av Spania sine seks kampar då dei igjen vart europameistrar. Han vart delt toppskårar i turneringa, med tre mål. Mellom anna skåra han 3-0-målet i Spania sin 4-0-siger over Italia i EM-finalen.
Remove ads
Remove ads
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads