Fingeravtrykk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fingeravtrykk
Remove ads

Fingeravtrykk er avtrykk av det linemønsteret som finnst på innsida av ytste leddet på fingrar hjå menneske. Kvart einskild menneske får sitt heilt eige mønster på fosterstadiet, og dette held seg uendra heile livet. Det har aldri vorte oppdaga to personar med like fingeravtrykk, heller ikkje hjå einegga tvillingar. Difor er bruk av fingeravtrykk rekna som ein trygg metode for å identifisere eit menneske, og for å verifisere at eit menneske er rette vedkomande. Leiting etter, og dokumentasjon av fingeravtrykk på åstaden for illgjerningar har i lange tider vore nytta som ein viktig lekk i oppklaring av lovbrot, og samanfall mellom mønsteret i dei fingeravtrykka som vert funne og mønsteret på fingrane til ein mistenkt, er jamt over godteke som prov i rettssakar. I Noreg var det fengselsdirektør og lege Anders Daae (1838–1910) som fekk fingeravtrykk inn som ein reiskap i kriminalteknikken.

Thumb
Linjemønsteret på ein finger.
Thumb
Fingeravtrykk på eit papir.
Thumb
Pensling med pulver for å få fram fingeravtrykk som er avsett på ei flate.
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads