Finn i Gropa og fleire

novellesamling av Halvor Floden From Wikipedia, the free encyclopedia

Finn i Gropa og fleire
Remove ads

Finn i Gropa og fleire er ei novellesamling frå 1929 av Halvor Floden.[1] Boka inneheld fire noveller: «Finn i Gropa», «Tømmerhoggarar», «Nils Brenn og garden hans» og «'Skatten'».

Kjappe fakta Forfattar(ar), Språk ...

Det er uklart om boka er ei barnebok eller bok for vaksne; ho har vorte handsama som begge deler.

Remove ads

Bakgrunn

Boka kom ut etter at Floden hadde blitt lærar i Hernes i 1917. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916.[2] Dei hadde fem barn, fødd 1907–1920.[3]

Novella «Tømmerhoggarar» stod på trykk i bladet For Bygd og By i november 1929, samstundes med at boka kom ut.[4]

Mannen Finn i den første novella er den same Finn som var barn og hovudperson i Furuberg-Finn, Flodens barnebok frå 1927.[5]

I Norsk bokfortegnelse, hos Deichmanske bibliotek og av nokre andre vart boka handsama og omtalt som ei barnebok.[6][7][8] Andre, som t.d. Nynorsk bokliste frå Noregs Mållag, nemner boka som ei bok for vaksne.[9][10][11][12] I ei usignert melding om haustens bøker frå Olaf Norlis Forlag, som stod i fleire blad, heitte det at «Ei samling forteljingar av Halvor Floden, Finn i Gropa, syner at han er like god når han skriv for vaksne som for barn.»[13][14][15]

Remove ads

Innhald

Slik det er vanleg hos Floden,[16] er handlinga i novellene lagt til austnorske skogbygder.

Finn i tittelnovella er rydningsmann og bureisar. Han er sterk og arbeidsam, og vinn etter kvart alles respekt og Åses kjærleik.[5]

I «Tømmerhoggarar» må tre søner hjelpe faren Syver med ei tømmerdrift medan faren blir sjuk og treng lege.[17][18]

«Nils Brenn og garden hans» er ei humoristisk skildring av ein bonde og nydyrkingsmann som møter jobbetida med meir krefter enn fornuft.[19][20]

Remove ads

Omtale

Meldaren M.S. i Midnattsol – ungdomsblad for Nord-Norig meinte at den første novella var den beste, men og at alle novellene hadde emne i seg til å bli utvida til ein roman.[21] Meldaren E.H. i Glommen og Østfold Dagblad meinte at det var «både interessant og underholdende å lese om disse oprinnelige urfriske karer fra skogene i Trysil.»[22][23]

Meldaren Olav Dalgard peikte i ei melding på at Flodens hovudpersonar er prega av «framtaksviljen og gå-på-trassen» og «idealiteten».[24] Ein annan stad skreiv han at Floden er «en sikker stilist som kjender folket i skogbygda til bunds. Han elsker deres trofasthet mot jorden og sig selv, og denne gjengir han slik at det overbeviser og glæder.»[11] Meldaren Hans Nerhus i Unglyden trakk og fram tittelnovella, der arbeid og framtak og personleg dåd blir lønna med bygdas respekt.[25] Tov Flatin skreiv begeistra om boka, og kalla ho «ein lovsong til den trufaste slitaren».[26] Meldaren M.L.R. i Stavanger Aftenblad ga eit sympatiserande referat av tittelnovella.[27] Magne Sørflaten i Austland meinte at boka var «frisk, sann og ekte».[28] Meldaren i Fjordabladet rosa også tiltak og krafttak hos personane i boka.[29] Nils Lavik skreiv om boka i Dagen, og rosa mannleg urkraft, sømd og moralsk kjensle hos hovudpersonane.[30] R Grieg i Aftenposten meinte derimot at tittelnovella var tilgjort, urealistisk og naiv, medan «Tømmerhoggarar» var ekte.[31]

Olav Midttun som skreiv Boksjå i Syn og Segn meinte at tittelnovella var gild å lese, med «det ljose friske humør og godluna som Floden hev», men óg at det var noko stereotypt og føreseieleg over historia.[19] Meldaren I.H. i Ringerikes Blad fann «en dyp og medfølende forståelse av menneskenaturen» i tittelnovella.[32]

Meldaren i Inntrøndelagen likte «Tømmerhoggarar» best, og meinte at det var «en mesterlig skildring av det slitsomme liv i skog og koje».[33] Anders Hovden skreiv Bokbrev i avisa Velgeren, og trakk også fram «Tømmerhoggarar» som gripande.[34] Meldaren M.S. i Østlendingen meinte at «Tømmerhoggarar» var som eit «epos um hardbeitte truverdige slitarar i skogen», og at novella kunne passe i ei lesebok under rubrikken Folket i arbeide.[35]

Rolv Thesen meldte boka i Arbeiderbladet; han fann ikkje noko nytt eller originalt i dei to første novellene.[36]

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads