Den finske dialektkrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den finske dialektkrigen (finsk murteiden taistelu) er namnet på ein diskusjon om korleis det finske skriftspråket skulle sjå ut. Den finske dialektkrigen varte i perioden 1820-1840, mest intenst i starten og slutten av perioden.

Bakgrunnen for dialektkrigen var at det finske skriftspråket var meir representativt for dei vestfinske enn dei austfinske dialektane, og at det hadde relativt mykje innverknad frå svensk, samanlikna med dei austlege dialektane. Den nye politiske situasjonen etter 1809, då Finland ikkje lenger var ein del av Sverige, men ein del av Russland, gjorde det naudsynt å lage ein ny finsk identitet.
Remove ads
Bakgrunn

Det finske språkområdet er delt i to, i vest- og austfinske dialektar. Innafor kvar del fell hovuddialektane til ein viss grad saman med dei historiske landskapa i Finland.
Opptakta
Det er vanleg å seie at den finske dialektkrigen starta med ein programartikkel, Suomen kielestä (om det finske språket)[1] av Reinhold von Becker i Turun Wiikko-Sanomat (ei omsetjing av artikkelen er tilgjengeleg i Trosterud 1996). I artikkelen skildrar von Becker korleis kvart len og kvar bygd i Finland snakkar på ulik måte og at nett dei dialektane som skriftspråket bygger på (kystdialektane rundt Åbo) er mest påverka av estisk (ved at dei har apokope: siste vokal fell ofte bort) og av svensk (både i skrivemåte og ordforråd). von Becker skildrar så korleis han, så langt pengane har gjort det mogleg, har reist Finland på kryss og tvers for å skrive eit finsk som han gjer i Turun Wiikko-Sanomat.
Remove ads
Dialektkrigen på 1820-talet
Programerklæringa vart skrive på finsk, nærare bestemt på nett den finsken von Becker gjekk inn for, i Turun Wiikko-Sanomat. Artikkelen gav opphav til ein heftig debatt, som gjekk føre seg på svensk, i tidsskriftet Mnemosyne eit par år framover. Den første kritikken vart skrive av Mattias Gottlund (Gottlund 1820). Hovudpoenget hans er at von Becker er for radikal og dialektnær, skriftforma må vere meir konservativ for å fange opp fleire dialektar. Spesifikt vil han at finsk i stadievekslinga skal uttrykkje svakt stadium av t som d, t.d. vuoden (genitiv av vuosi, 'år'), der von Becker ville ha vuoen) og svakt stadium av k (mellom runda vokalar) som v, t.d. leuvan (genitiv av leuka "kjeve"), der von Becker ville ha leuan. Matias Gottlund peiker på (s. 55) at svakt stadium av t er uttalt på mange måtar i dialektane (t.d. null, d, j, l, v) og at det beste vil vere å representere alle desse måtane med eitt symbol, bokstaven d.
Fleire forfattarar har innlegg i Mnemosyne ut over i 1920, både om val av bokstavar for stadievekslinga og om skriving av lånord og diftongar. Ingen går likevel så langt som å fjerne bostaven d, og Becker tar han også inn att i Turun Wiikko-Sanomat allereie i 1821.
I 1824 kjem Beckers finske grammatikk. Tabellen nedanfor (frå Trosterud 1996) gjev eit oversyn over eit sett fonologiske og morfologiske fenomen og viser korleis von Becker går inn får vestlege eller (som regel) austlege mønster.
Remove ads
Diskusjonar på 1830-talet
C. A. Gottlund (sonen til Mattias Gottlund) er i mot å ha ei standardisert språkform. I Gottlund 1831 argumenterer han for at alle skal skrive på sitt eige vis ("Skriv som du talar og tal som du pratar!) (s. LXIX). C. A. Gottlund er ute av takt med utviklinga i dialektkrigen: Dei mest ytterleggåande framlegga har ikkje fått framlegg, og med Elias Lönnrot si publiseringa av folke-eposet Kalevala får skriftnorma eit stabilt austleg ideal.
Remove ads
Oppsummering
Det finske standardspråket som sto fram etter dialektkrigen var langt meir austleg enn språket hadde vore i svensketida. Argumenta for denne endringa var framfor alt at språket måtte spegle folkemåla betre, og ikkje berre det svenskpåverka språket rundt Åbo.
Når endringane kunne bli såpass store var det fordi motkreftene mangla.[2] Det var ingen overklasse med eigeninteresser i at deira språkvariant skulle halde fram som norm på det einaste rette, fordi språket deira var svensk og ikkje finsk. Dei såg ikkje på finsk som nokon trussel. Den einaste konservative krafta som brukte finsk var kyrkja, men ho deltok ikkje aktivt i debatten. I løpet av dialektkrigen kom det ingen nye bibelutgjevingar, og kyrkja sine finskspråklege publikasjonar var berre for allmugen.
Det var likevel grenser for kor mykje som kunne bli endra. Dei austfinske dialektane låg langt unna maktas sentrum. Diskusjonen i Mnemosyne viste også at det var grensar for kor langt von Becker kunne gå.
Remove ads
Kjelder
Primærkjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads