Fiolinsonate nr. 32 av Mozart

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Fiolinsonate nr. 32 i H-dur (K. 454) vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i Wien den 21. april 1784. Han vart publisert av Christoph Torricella i ei gruppe på tre sonatar (i lag med pianosonatane K. 284 og K. 333).

Kjappe fakta Sjanger, Periode ...

Sonaten vart skriven for fiolinvirtuosen Regina Strinasacchi frå Mantova for at dei skulle framføre han i lag på ein konsert i Kärntnerthor Teater i Wien den 29. april 1784. Sjølv om Mozart hadde pianodelen i hovudet, hadde han ikkje tid til å skrive han ut, og han vart derfor spelt medan Mozart hadde eit blankt ark føre seg, for å lure publikum. Ifølgje ei historie fortalt av enka Constanze Mozart, såg keisar Josef II det blanke notearket gjennom operakikkerten sin og bad komponisten kome til seg med manuskriptet sitt, då Mozart måtte innrømme sanninga. Det er truleg at dette mora monarken meir enn det irriterte han.

Verket består av tre satsar:

  1. Largo - Allegro
  2. Andante
  3. Allegretto
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads