Fiskeslaget asp
fiskeart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Asp (Aspius aspius på latin) er ein ferskvassfisk i karpefamilien. I motsetning til andre karpefiskar et aspen andre fiskar. Han er rekna som ein god matfisk. I Noreg finn ein fisken berre i delar av Glomma.
Remove ads
Skildring
Asp kan bli opptil 9 kg, i Noreg opptil 6 kg. Fisken lever normalt enkeltvis, eller i små grupper men stimer under leiketida om våren.
Utbreiing
Ein finn særleg asp i Søraust-Europa. På verdsbasis har ein ikkje nok data til å klassifisera artsstatusen.
I nasjonal raudliste 2006 vart asp oppført som sårbar etter kriteriet om utbreiing på få stader. Etter dette har ein endre kriteria på IUCN si raudliste slik at kriteriet berre kan nyttast dersom ein òg har identifisert ein eller fleire truslar mot områda det er snakk om. I Noreg reproduserer truleg asp berre i Øyeren, men det kan ikkje peikast på nokon alvorlege og umiddelbare trusselfaktorar. Arten oppfyller derfor ikkje lenger kriteria for raudlisting, og blir følgjeleg ikkje inkludert i nasjonal raudliste.[1]
Remove ads
Bilde
- Liten fiska asp.
- Stor fiska asp.
- Asperogn.
- Eexhibition Subaqueous Vltava, Prague
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads