Fiskand
tre slekter av dukkender i andefamilien From Wikipedia, the free encyclopedia
Fiskand, fleirtal fiskender, er ei fellesnemning for fugleslektene Mergellus, Lophodytes, Mergus i andefamilien. Dei representerer ikkje ei monofyletisk gruppe, men er delar av eit takson, underfamilien Merginae.[1] Slektene omfattar seks artar, dei fleste på den nordlege halvkula.

Foto: B. Folkstedt
Skildring
Fiskender er kjenneteikna av eit langt og smalt nebb med ein liten spiss krok i tuppen og nebbkantane har fine, sagtagga lamellar som gjev godt grep på fisk. Baktåa har ein brei symjelapp nett som hos dei andre dukkendene.
Dei varierer i storleik, lappfiskanda er lita og kompakt i tilhøve til den store laksanda, til dømes. Som andre dukkender er fiskendene spesialistar i å dukke. Som namnet tilseier, er det hovudsakleg fisk dei lever av, men dei kan òg ta krepsdyr og vassinsekt. Dei fisker både i sjø og i ferskvatn. Silanda er i stor grad maritim og lever langs kystar og i skjergarden, men òg i innlandssjøar i fjellet.[2]
Reira blir vanlegvis lagt i holrom, som i hole tre, men dei kan ligge i holrom på bakken, eller dekt av vegetasjon.[2]
Dei norske namna for artane laksand og siland deler ikkje samnemninga fiskand, tidlegare var dei kalla stor fiskand og lita fiskand høvesvis.[3]
Artslista
Fiskender i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5]
Slekt Mergellus
- Lappfiskand, Mergellus albellus
Slekt Lophodytes
- Hjelmfiskand, Lophodytes cucullatus
Slekt Mergus
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.