Rijeka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rijeka (italiensk Fiume) ligg ved Kvarnerbukta i Adriahavet og er den tredje største byen i Kroatia. Han er òg den største hamnebyen i Kroatia med skipsverv, reiarlag, oljeraffineri, petrokjemisk industri, tobakksfabrikkar mm., og er eit viktig trafikknutepunkt. Byen har òg hamnefunksjonar for innlandsstatane Ungarn og Austerrike.
Elva Riječina, som renn gjennom byen, har gjeve namn til byen.
Rijeka er ein bykommune og administrativt sentrum for fylket Primorje-Gorski Kotar.[1][2] Byen er òg eit romersk-katolsk erkebispesete, og universitetet vart grunnlagt i 1632.
Ved folketeljinga i 2021 var det 107 964 innbyggjarar i Rijeka, om lag 300 000 i omlandet.
Remove ads
Historie

Rijeka, som ligg så langt nord i Adriahavet, vart utvikla alt under Romarriket. I 1446 vart byen ein del av habsburgarane, men det var fyrst på midten av 1600-talet byen byrja å vekse sidan han låg så godt til som transportknutepunkt mellom sjøfart og landtransport frå Sentral-Europa, og fekk seinare ei jarnbane. Ein kort periode på byrjinga av 1800-talet vart Rijeka okkupert av Frankrike, men etter 1814 kom byen igjen inn under habsburgarane (Austerrike-Ungarn). Ungarn miste byen ved fredsavtalen i Trianon i 1920. Etter eit par år som fristad (1. januar 1921 til 24. januar 1924) var Rijeka italiensk 1924-45. Sidan 1945 var byen administrert av, og i 1947 formelt underlagd, Jugoslavia ved Parisfreden i 1947. Då Jugoslavia braut saman i 1991, vart byen ein del av Kroatia. Rijeka sine innbyggjarar har altså sidan 1914 skifta nasjonalitet heile fem gongar.
Remove ads
Turisme

På den høgaste toppen i byen ligg Trsat-festninga, som i mellomalderen var sete for den mektige kroatiske adelsslekta frankopanarane. 561 trappesteg fører frå sentrum av byen, forbi kyrkja Sveta Marija, opp til festninga. Kyrkja er ein endestasjon for pilegrimar frå mange land som kjem for å sjå måleriet «Marija av Trsat».
Byen har mange turistattraksjonar, mellom anna ei stor barokkyrkje, Sveti Vid (St. Vitus-katedralen), som vart bygd på midten av 1600-talet.
Remove ads
Folk frå Rijeka
- Mihaly Csikszentmihalyi, psykolog
Folketal
Folketalet i den einaste busetnaden i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads