Fjellet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Fjellet er ei lita bygd som ligg mellom Hjelmelandsvågen og Vormedalen i Hjelmeland kommune. Namnet kjem av at bygda ligg i ein høgtliggjande lang dal omkrinsa av fjell. Per 1. januar 2010 var folketalet i bygda 55. Fylkesveg 660 går gjennom bygda.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Sysselsetjing

Dei fleste som bur i bygda er eller har vore involverte i landbruk, men dei fleste har også måtta finna seg levebrød innanfor servicenæringane.

Skule

Bygda hadde eigen skule til og med skuleåret 1954/1955, og skulehuset fungerte deretter som bedehus, fram til det vart rive på midten av 1990-talet. Skuleborna på Fjellet har sidan 1955 sokna til skulen i Hjelmeland sentrum.

Gardar

Heggland, Hetland, Jørmeland, Bjelland og Breiland er gardane som høyrer til bygda.

Folketalsutvikling

Meir informasjon År, Folketal ...


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads