Fjellfiol
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fjellfiol (Viola biflora) er ei plante i fiolfamilien. Arten er utbreidd i Eurasia og det vestlege Nord-Amerika. Planta vert kring 7 cm høg og har veik stengel, tynne gulgrøne blad og ein eller eit par gule blomstrar. Fjellfiolen blomstrar kring juli månad på fuktige stader til fjells. Han veks i alle fjelltrakter i Noreg, og også ned i låglandet. Planta er funnen opp til 1500 meter over havet i Jotunheimen.

Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fjällviol» frå Wikipedia på svensk, den 25. april 2011.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads