Alpint klima

From Wikipedia, the free encyclopedia

Alpint klima
Remove ads
Remove ads

Alpint klima eller fjellklima er klima ein har over tregrensa i fjellområde. Klimaet vert kaldare med høgda, som følgje av den adiabatiske temperaturendringa. Den tørradiabatiske temperaturendringa med høgda er om lag 10 °C per kilometer. Dermed vil ein om lag få same temperaturendring om ein flyttar seg 100 m oppover eit fjell, som når ein flyttar seg 80 km nærmare polane. Dette forholdet er derimot berre ein grov tommelfingerregel fordi havet har ein stor påverknad på klimaet.

Thumb
White Mountain i California i USA når 4300 moh. og har eit alpint klima.

I Köppen si klimaklassifisering hamnar det alpine klimaet inn under det arktiske klimaet, fordi ingen av månadane har ein middeltemperatur over 10 °C. Otto Nordenskiöld laga derimot eit alternativt til Köppen sitt system som sa at den varmaste månaden måtte vere minst 9 grader minus 10 % av middeltemperaturen i den kaldaste månaden. T.d. om temperaturen i den kaldaste månaden er -20 °C, må den varmaste månaden vere 11 °C. Ein kan då få små skilnadar på kva område som hamnar innanfor det alpine klimaet.

Store delar av fjellområda i Noreg kjem inn under denne arktiske klimatypen.

Remove ads

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads