Fjernstyring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fjernstyring er styring og kontroll av eit utstyr frå ein annan stad enn der utstyret er. Styringa kan skje ved bruk av elektriske eller optiske signal, eller ved hjelp av mekaniske, pneumatiske eller hydrauliske overføringssystem.
Typisk eksempel i fly er autopilot (hydraulisk), regulering av kjøleluftopninga i motoren (mekanisk eller elektrisk), bremsar (pneumatisk eller hydraulisk). I elektriske anlegg bruker ein fjernstyring i stor utstrekning for igangsetting og kontroll av maskiner og apparat.
I dagleglivet bruker ein fjernstyring av til dømes fjernsynsapparat og ulike hobbygjenstandar (som modellfly og -bilar) ved hjelp av ein fjernkontroll.
Remove ads
Kjelder
- «fjernstyring» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads