Fjernsynsserien Offshore
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Offshore er ein norsk såpeserie som vart send på NRK1 1996-1999. Serien har namnet sitt frå nemninga Offshore, som har vorte ei nemning på verksemd utaskjærs.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå offshore.
Serien handla om Hroar Torgersen, eigar av oljeselskapet NorWestOil, om familien og kollegaene hans, og ikkje minst om livet på oljeplattformen «Huldra» i Nordsjøen.
Første episode vart send 8. september 1996. Det vart produsert og vist 119 episodar i alt. Siste episode vart send i 1999.
Serien vann Amandaprisen i klassen Beste underhaldningsproduksjon for fjernsyn både i 1998 og i 1999.
Sentrale skodespelarar i serien:
- Finn Schau - Hroar Torgersen
- Kjersti Døvigen - Barbara Torgersen
- Christoffer Staib - Robert Torgersen
- Stine Varvin - Susanne Torgersen
- Kalle Øby - Torbjørn Lindbekk
- Helga Mjeldheim - Nina Martens
- Frank Krog - Jonny Mjelde
- Mia Gundersen - Mette Haug (seinare Mjelde)
- Wenche Kvamme - Dagny Ulrichsen
- Kristoffer Joner - Ståle Pettersen
- Suzanne Paalgård - Åsa Vestly
- Ketil Høegh - Steinar Lindbekk
- Guri Johnson - Hanne Hartløfsen
- Vanessa Borgli - Charlotte Berg
- Kirsten Hofseth - Aslaug Berg
- Sigmund Sæverud - Ola Berg
- Ulrik Randsborg Lie - Ola William Berg
- Jarl Goli - Harald Vestheim
- Geir Kvarme - Svein Amundsen
- Kim Sørensen - Truls Hartløfsen
- Håvard Bakke - Tor-Arne Hoff
- Rut Tellefsen - Inger Porsum
- Ove Christian Owe - Vidar Bjerke
- Kristin Skogheim - Solveig Dokken Bjerke
- Anne Krigsvoll - Berit Bjerke
- Frank Iversen - Frank Bjerke
- Örjan Landström - Göran Sundén
- Arlene Wilkes - Nadia Sundén
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Offshore (TV-serie)» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2006.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads