Fjernsynsserien Rome

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fjernsynsserien Rome
Remove ads

Rome er ein kritikarrosa historisk fjernsynsserie produsert av HBO og BBC. Den fyrste sesongen av serien vart vist i USA mellom 28. august og 20. november 2005. I Noreg vart han vist på Canal + vinteren 2006, og vart vist på TVNorge hausten 2006.

Kjappe fakta Type, Sjanger ...

Serien går føre seg i Roma i seinrepublikken. Julius Cæsar er akkurat ferdig med kampananjane sine i Gallia (Gallarkrigane), men kan ikkje vende heim til Roma på grunn av mangelen hans på samarbeid med senatet i den nemnde kampanjen. Cæsar sin borgarkrig mot Pompeius vert difor sentralt i serien. Samtidig får ein eit innblikk i oppveksten til Octavianus (seinare keisar Augustus) og dei dynastiske stridane mellom familien Julii og Junii, to av dei mektigaste familiane i Roma, og hendingane som til slutt kulminerer med mordet på Cæsar i 44 f.Kr..

Den overordna handlinga er sentrert rundt dei rike, mektige og historisk signifikante personane i Roma, men perspektivet i serien er gjennom auga til to vanlege soldatar, og dagleglivet deira i dei dårlegare strøka i Roma. Personane er Lucius Vorenus og Titus Pullo, to vanlege soldatar og dei einaste personane som er nemnde i Julius Cæsar si forteljing om Gallarkrigane i Commentarii de Bello Gallico.

Rome vart nominert til 2 Golden Globe-prisar i 2005: for beste dramaserie og for beste kvinnelege skodespelar i ein fjernsynsserie, Polly Walker.

[[Kategori:Britiske fjernsynsseriar]

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads