Flekkmure
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Flekkmure (Potentilla crantzii) er ein fleirårig urt i rosefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 15 cm høg. Flekkmure set ikkje renningar og opptrer som einskilde plantar. På småbladet stikk midttanna litt ut. Blomstrarne sit øvst på stengelen. Ytterbegeret om lag så langt som begeret. Kronblad 8 mm, oftast med raudgul flekk. Blomstar kring juni månad i grasbakkar, oftast på kalkrik grunn. Veks i låglandet og til fjells gjennom heile Noreg. Funnen opp til 2210 m i Jotunheimen.
Remove ads
Kjelder
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Vårfingerört» frå Wikipedia på svensk, den 23. september 2010.
Bakgrunnsstoff
- (no) Flekkmure hos Artsdatabanken
- (en) Flekkmure i Catalogue of Life
- (en) Flekkmure i Encyclopedia of Life
- (en) Flekkmure i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Flekkmure hos Dyntaxa
- (en) Flekkmure hos ITIS
- (en) Flekkmure hos NCBI
- (en) Flekkmure hos Plants of the World Online
- (en) Flekkmure hos The International Plant Names Index
- (en) Flekkmure hos Tropicos
- (en) Kategori:Potentilla crantzii – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads