Flokkdyr

From Wikipedia, the free encyclopedia

Flokkdyr

Flokkdyr er dyr som har som naturleg levevis å leva saman i større grupper. Flokkdanninga er ein overlevingsstrategi som blir nytta både av rov- og byttedyr, og det finst mange døme blant fuglar, fiskar og pattedyr. Grupper av dyr kan omtalast med ulike namn, avhengig av dyretype, som flokk, bøling, hop, klynge, rei, skare, stim eller sverm.

Thumb
Flyktande saueflokk sett frå ein varmluftsballong.
Thumb
Ulvar som jaktar i flokk.
Thumb
Ein flokk med måsar.

Å leva i flokk kan gje fordelar, som til dømes at mange individ er på vakt mot farer, at ein samla kan verna seg mot andre dyr, eller at ein kan samarbeida innan flokken, slik flokkar av rovdyr som til dømes ulv og løver gjer i jakt på bytte. Flokkdyr har gjerne mange ulike måtar å kommunisera på, og ordnar seg ofte i hierarki.

Svært mange husdyr, som til dømes hest, hund, kyr, geit, sau, høns, er flokkdyr. Flokkinstinktet gjorde at dei kunne temjast i si tid, og gjer dei lette å gjeta.

Døme på flokkdyr

Blant pattedyr:

Blant fiskar (stimfisk):

Blant fuglar:

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.