Flyulukke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ei flyulukke er ei ulukke med eit eller fleire fly.
Årsaker
Grunnen til ei flyulukke kan vere mellom anna teknisk eller menneskeleg svikt, uvêr, kollisjon eller sabotasje. Dei fleste flyselskap har systematiske kontrollar av fly for å hindre ulukker, og kontroll på flyterminalar skal vere med på å førebyggje terrorisme og sabotasje.
Rutinekontroll
Rutinekontroll av fly skal avdekke feil og manglar på flyet. Dette er ein prosess som skal førebyggje og hindre ulukker. I slike kontrollar vert typisk flymotorar, venger, landingshjul og elektriske system sett over. Rutinekontroll kan òg avdekke bomber og liknande truslar, sjølv om dette ofte er kontrollert av ei særskilt anti-terrorening, samt passasjerkontroll før påstiging.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads