Foúrni
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fourni (gresk Φούρνοι eller Φούρνοι Κορσέων, Foúrni Korséon), er ei gruppe småøyar i Hellas aust i Egearhavet. Dei ligg mellom Ikaría, Sámos og Pátmos.
Foúrni er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ikaría i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Foúrni 1 343 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 898 innbyggjarar.[1]
Dei to største øyane i gruppa, hovudøya og øya Thýmena er busett. På hovudøya Foúrni ligg den største tettstaden og nord på øya Khrysomiliá, som er den nest største. Dei fleste innbyggjarane er fiskarar, sjølv om dei om sommaren òg driv med turistindustrien, hovudsakleg utleige av rom og restaurantverksemd. På hovudøya finn ein mange flotte stender. Øyane er forholdsvis rolege med ein avslappa atmosfære.
Remove ads
Transport
Transport om vinteren (hovudsakleg frå november til april) stoppar ofte opp på grunn av dårleg vêr, hovudsakleg sterk vind. Resten av året går det båtsamband til Ikaría og Sámos.
Byar og tettstader
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Andre busetnader på øya er:
- Balí (28)
- Ájos Ioánnis Thermastís (12)
- Kamári (27)
- Keramidoú (12)
- Plajá (12)
- Dafnoliés (3)
Småøyar i kommunen:
- Thýmena (179)
- Ájos Minás (3)
- Alatonísi (0)
- Anthropofás (0)
- Thymenáki (0)
- Kisiriá (0)
- Makronísi (0)
- Mikrós Anthropofás (0)
- Petrokávaro (0)
- Pláka (0)
- Plakáki (0)
- Strongyló (0)
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kjelde
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads