Fokino i Primorskij kraj

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fokino i Primorskij krajmap
Remove ads

Fokino (russisk Фо́кино) er ein lukka by i Primorskij kraj i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Fokino Фокино, Plassering ...

Byen ligg ved Peter den store-bukta mellom Vladivostok og Nakhodka. Han er ein lukka by fordi den russiske stillehavsflåten har basen sin her. Utlendingar må ha spesialløyve for å vitje byen. Derimot er øyane Putjatin og Askold, som administrativt er ein del av byen, open for besøk frå turistar. Opp til to tusen turistar vitjar Putjatin kvart år. Dei kjem hit på grunn av det unike plante- og dyrelivet i farvatnet rundt øya og undervaaslandskapet her. Det bur rundt 2 400 menneske på Putjatin. Dei viktigaste næringane er fangst og handsaming av sjøprodukt, avl av mink og aksishjort.

Det er ingen fast busetnad på øya Askold. Ho vert sjeldan vitja av turistar då det ikkje er regelmessig transportsamband med fastlandet og statusen til øya, som inntil 1995 var ein del av reservatet der ingen økonomisk aktivitet var lov. Det finst gullreservar på fleire dusin tonn på Askold.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads