Folgefonna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Folgefonnamap
Remove ads

Folgefonna eller Folgefonni er den tredje største isbreen i Noreg (203 km²) og den sørlegaste. Han ligg på høgfjellsområdet på Folgefonnhalvøya mellom Sørfjorden i aust, Åkrafjorden i sør og Hardangerfjorden i vest. Breen ligg innanfor kommunane Etne, Kvinnherad og Ullensvang.

Kjappe fakta Land, Område ...

Breen har eit samla areal på 203 km². Breområdet er tredelt med Nordre Folgefonna (26 km²), Midtre Folgefonna (9 km²) og Søndre Folgefonna (168 km²). Folgefonna har fleire utløparar, mellom anna Bondhusbrea, Blomsterskardsbreen og Buerbreen. Det høgaste punktet er 1644 moh, og det lågaste 400 moh.

29. april 2005 vart Folgefonna den 25. nasjonalparken i Noreg. Både isbreen og ein stor del av landskapet rundt er verna, i alt 545,2 km².

Remove ads

Utvikling

Folgefonna er ikkje ein rest etter istida. Etter slutten av førre istid trekte isen seg raskt tilbake, og den isen som låg i området smelta til slutt heilt vekk. Først for omkring 5000 år sidan vart Nordre Folgefonna nydanna under ein periode med temperaturfall og samtidig auka nedbør. Med periodiske variasjonar har han hatt omtrent den utstrekninga han har i dag.

Kultur

Folgefonna er tema i Geirr Tveitt sitt småstykke for orkester; «Folgafoldne fortél ingjenting», fåa Hundrade hardongtonar frao Hardanger.

Segn

I fylgje ei segn hadde det tidlegare vore sju kyrkjesokn der fonna no ligg, men folk som budde der for so gale fram at Gud straffa dei med å late eit offseleg snøfall dekkje området.[1]

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads