Eininga fot

forelda måleining for lengd From Wikipedia, the free encyclopedia

Eininga fot
Remove ads
Remove ads

Fot er ei tradisjonell eining for lengdemål eller avstand. Ho tek utgangspunkt i lengda av ein gjennomsnittleg fotsole på ein vaksen mann, og finst i mange lengder på rundt 30 cm. Fot er ikkje ei SI-eining. Lengda på fot-mål har variert mellom ein sumersk fot på ca. 26 cm og ein russisk på 35 cm.

Denne artikkelen handlar om fot som lengdeeining. For lekamsdelen, sjå fot.
Thumb
Den vitruviske mannen av da Vinci nyttar mellom anna eininga fot.

Ordet fot kjem frå norrønt, og er ei omsetjing av latinske pes. Omgrepet finst som fuss på tysk og pied på fransk. Den mest vanlege definisjonen av fot i dag er britisk fot, som på engelsk gjerne blir kalla imperial foot, og er definert å vere 30,48 cm. Ein britisk fot svarar til tolv tommar.

I mange land har ein tradisjon for å bruka ʹ til å markera fot og ʹʹ for tomme. Dette blir ikkje rekna som rett i typografi. Den internasjonale forkortinga for fot er ft.

Thumb
Gamle lengdemål frå Italia, mellom anna «fot» (p.) frå ulike stader.
Remove ads

Historie

Fot som måleeining er blitt nytta i ei rekkje kulturar gjennom tidene. Det første kjente standardmålet for fot var frå Sumeria der definisjonen er gjeven i ein statue av den sumeriske herskaren Gudea av Lagash frå omkring 2575 f.Kr. Fot er også kjend frå det gamle Egypt, Romarriket, fleire land i Asia og dei fleste i Europa.

Ein standard romersk fot (pes) var normalt rundt 295.7 mm, men i provinsnane brukte ein gjerne pes Drusianus (foten til Nero Claudius Drusus) med ei lengd på rundt 334 mm.[1]

Eininga fot er som regel lengre enn den berre foten til ein vaksen mann, og ein går derfor gå ut frå at målet viser til lengda av ein fot med fottøy på. Dette stemmer med at måleeininga kan brukast til praktiske føremål som på byggjeplassar og liknande. Ei anna forklaring på den litt lange «foten» er at eininga ofte har blitt definert som tolv tommar lang.

Fot som norsk lengdeeining

Fot har vore nytta som lengdeeining i Noreg, til dømes er ofte lengde og breidde av mindre båtar framleis gjeve i fot. Noreg fekk felles mål- og vektsystem med Danmark ved forordning i 1683. Denne ordninga hadde ein standardisert fot på 31,407 cm.

I lov av 28. juli 1824 vart ein norsk fot definert som 12/38 av lengda av ein matematisk pendel med svingetid 1 sekund – 31,374 cm. Dette var same lengd som ein fot blei fastsett til i Danmark i 1820. I 1875 blei fot erstatta av meter som legal lengdeeining i Noreg. Eininga nyfot vart ei tid bruka mellom anna ved sal av trelast og var 30 cm, medan ein meterfot har vore rekna til 33,3 cm.

Også dei andre nordiske landa har hatt nasjonale standardar for fot: Danmark brukte frå 1835 rhinsk fot, 31,39 cm, medan fot i Sverige blei fastsett til 29,69 cm på 1800-talet.

Remove ads

Definisjonar

Thumb
Standardisert britiske lengdeeiningar: Yard, foot og inch.

Lengdeeininga har vore definert til ulike fastlagde lengder ulike stader i verda. Mange stader kunne kvar by ha sin fot. Problemet med ulike skalaer i vidare samanheng førte til arbeid med å standardisera måleiningar frå 1600-talet. Dette førte til slutt fram til meterkonvensjonen. Innan Det britiske samveldet og USA fekk ein derimot ein standardisert fot som blei internasjonalt definert til 0,3048 meter i 1956. Dette var 2 ppm kortare enn den tidlegare amerikanske definisjonen og 1,7 ppm lengre enn den tidlegare britiske.

I tillegg til den standardiserte internasjonale eller imperial foot finst det ein litt annan U.S. survey foot. Denne er definert som nøyaktig 1200⁄3937 meter, omtrent 30,48006 cm. Denne eininga var blitt mykje nytta til landmåling i USA og India, og fortsette å brukast i samband med land i åra som følgde.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads