For Arbeidsklassen

From Wikipedia, the free encyclopedia

For Arbeidsklassen
Remove ads

For Arbeidsklassen var eit vekeskrift Henrik Wergeland gav ut frå 1839 til han døydde i 1845.

Thumb
Eit nummer av «For Arbeidsklassen».

Henrik Wergeland var truleg den første som brukte ordet «arbeidarklassen» på prent i Noreg.

Henrik Wergeland byrja gje ut bladet etter at han hadde søkt, men ikkje fått tilsetting som kapellan i Nannestad, ein post han var stilt i utsikt av kong Karl Johan. Kongen tilbaud då å løne han med 200 Spesidalar for året, og Wergeland tok imot, men sa han ville rekne løna som godtgjering for arbeidet med å gje ut flkeopplysingsskrifter. Han gjekk då i gang med å gje ut bladet For Arbeidsklassen. I bladet tok Wergeland til ords mot utvandring, fyll og religiøst svermeri, han gav praktiske, kvardagslege råd og han oppmoda folk til flid og nøysemd. I bladet talte han arbeidsfolkets sak, og han oppmoda dei til å skaffe seg jord for å få røysterett.

Remove ads

Kjelder:


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads